torsdag 22. mai 2008

MARIA ER VIDARE!

I går var då delfinalen i melodi grand prix. Maria var nummer 9 ut, eg satt med klumpen i halsen og hjertet slo fort - eg var dødsbekymra for at ho skulle skli eller tryne. (Dei sleit med golvet der nede, det er laga av glass og derfor er det glatt.) Heldigvis gjekk alt supert og Maria imponerte som vanelig. Når dei skulle sei kem som gjekk vidare til finalen dunka hjertet mitt fortare enn det nåken gang har gjort. Broren min trudde eg skulle få hjerteinfarkt. Til slutt trudde han at han måtte ta gjennoppliving på meg. Hahha! Så sa dei "NORWAY!" IIIIH! Tårene trilla! Eg hadde aldri trudd eg skulle begynne å grine av det - men alt berre rann!

Ingen kommentarer: