torsdag 30. oktober 2008

Awake

Ja, internasjonal dag gjekk jo bra, men det var litt små kjedelig å ikkje vere med klassen min! Men eg var med på den eine leiken då. Då vi skulle plukke erter. Det var morro. (Laget mitt vann, btw. Eg, Silje og Juan er ett knakande team.) Etter skulen gjekk er og Rikke rundt i Førde, så gjekk vi å såg på Grete si trening, så reiste vi på kino. Det var kjempekoselig!

I dag hadde vi bading dei to første, eg var ikkje med for eg er litt små sjuk. Så hadde vi spansk munnlig prøve seinare på dagen. Eg veit ikkje helt korleis det gjekk. Eg skjønte egentlig ikkje alt av det eg las, men det får no berre vere. Trur ikkje det var så veldig mange andre som forstod alt av det dei las (eventuelt ingen?). Etter skulen var eg på trening på spenst, så spiste eg med stebroren og stefaren min. På veien heim holdt eg på å sovne i bilen! Skal legge meg tidelig i dag.

Tomorrow er det Bergen på meg og Hegemor. Ho skal jobbe på hotel og eg skal på flyplassen. Vi har utplassering der.

MALIN RAUK UT AV GREASE - vi burde skamme oss! Eg hadde lyst å begynne å grine. Ho burde blitt Sandy. Ingen tvil om det. Når ho sang i will always love you hadde eg frysninga over heile meg! Arrrrg. Eg kan ikkje nåke for det, men eg vart kjempesur! Eg og Stine skal på Grease og eg ville Malin skulle bli Sandy! Eg hadde gleda meg i heile dag til å sjå Grease sendinga, men så rauk favoritten min ut!


tysdag 28. oktober 2008

Internasjonal dag og kino


No sitter eg på skulen. I dag skal vi ha internasjonaldag etter det to første timane. No i dei to første har vi samfunnsfag. Vi har om forbrukarrett. Eg er så lei av det etter vi hadde om det i fjor at det ikkje skulle vert lov! Eg skal vere "lærar" for 4 klassa. Inkludert min eigen som eg hadde i fjor og. Eg skal egentlig berre få dei til å leike to leika, og det er jo greit. Etter skulen skal eg på kino med Rikke og Grete. Det blir koselig! Så skal eg heim og sjå grey's.

Tusen takk for alle som kommentera! Eg elska å lese kommentara og elska å lese andre sine blogga. Fekk masse ny musikk etter forje innlegg. Setter stor pris på kommentara!
Ka skal du i dag?

Eg trenger musikk!

Etter ipoden min har blitt gjennoppretta og eg har ny data har eg omtrent ingen musikk! Hjelp meg! Skriv gjerne inn litt musikk som du høyre på.

Kem er din favoritt artist og koffor? Min er Maria Haukaas Storeng for ho er en dyktig låt skrivar og har ei fantastisk stemme. I tillegg har ho er utrulig personlighet som må opplevast.

måndag 27. oktober 2008

Hold on to the once you love!

Eg og Cathrine satt nettopp å små mimra om høstferien. Sånt hjelper på dårlig humør.
Vi møtte Maria Haukaas Storeng og Hans Marius Hoff Mittet! Det er uten tvil ett av dei beste minna eg har - om ikkje den beste. Maria og Hans Marius er det man kalla perfekte for kverandre. Dei har nåke unikt.

No skal eg sjå sex and the city, drikke grønn-te og ete kakemann! Kos:)

Ka er det beste minne du har?

søndag 26. oktober 2008

sex and the city på lørdags kveld

No sitter eg hos søstra mi og passa min kjære tantunge. Han sover, så det er ikkje verdens vanskeligaste oppgave. Eg såg sex and the city filmen for litt sida. Eg burde kanskje venta til eg var ferdig med alle sesongane, men då måtte eg venta lenge. Eg grein og eg lo til eg grein av filmen! Eg elska den gjengen. Dei får meg virkelig til å tenke på kor viktige venna er.

No våkna tantungen, må gå å sjå til han!
Ka lengta du mest etter akkurat no? Eg lengta etter sol og sommar!

laurdag 25. oktober 2008

Skule, dansing, kakebaking, jobb og avisoppslag

I går gjekk dagen i skule, danse undervisning, besøk av tantungen, søstra mi og broren, så laga eg og Rikke kake. Tantungen min er superherlig! Kaka eg og Rikke laga var egentlig den ho skulle laga til bursdagen min som er over en mnd sida. Rikke er litt treig av seg. Kaka vart kjempegod! Vi vart kvalme etter kver vårt store kakestrykke, men det var verdt det!
Danse undervisninga i går gjekk utrulig bra! Dei minste gjekk ikkje rundt å beit kverandre som dei pleier å gjere. Kan hende det at dei var flinke har nåke å gjere med det at det var to voksne der. Vi fekk dei til å snakke med ungane om at dei må begynne å oppføre seg sida det ikkje funka når vi seier nåke. Vi har stor tru på at det skal gå bra fra no av.

Eg har fått The hurting kind - Maria Haukaas Storeng på hjernen no! Den er sinnsjukt fin.
Høyr den - elsk den.



I dag våkna eg til at eg var på framsida av lokalavisa. Det var helt merkelig å sjå seg sjøl på framsida av avisa. Artikkelen handla om at klassen min (og 1. klasse litt) skal drive turistbyrået i Førde. Vi har fått 1 million i midla for å drive det. Det er stort! Saken handla og om at vi har tilbud om å ha litt av lærlingtida vår i Spania! Eg har sinnsjukt lyst til det. Så reiste eg på jobb for sjefen min er sjuk. Når klokka var elleve kom det ei jente inn som skulle jobbe hos oss på OD-dagen. Det hadde jo sjefen glømt å fortelle meg, men det gjekk no bra. Ringte sjefen og ho sa ka eg kunne be ho gjere. Trur ikkje det var sånn kjempekjekt for ho, men det får no gå. Etter jobb handla eg og mamma på Only. Ho kjøpte seg jakke og eg kjøpte meg grå gensar til 129.95 kr. (rar pris) Når eg kom heim gjekk eg langt tur og gjekk ned til Rikke.

torsdag 23. oktober 2008

Top of the world?

"I had a man who loved me and a man who wanted to leave his wife for me. I should be on top of the world, but I was not." (Carrie, Sex and the city, sesong 3)
Eg synes ikkje det er så rart ho ikkje er på toppen av verden for det. Er ikkje akkurat en drømme situasjon å vere i. Enig?

I dag laga eg smoothie med banan, melk, appelsin juice og diverse bær. Smoothie er så godt! Nåken som har forslag på andre ting eg kan ha oppi?

Eg savna mi kjære, Ina som er i USA no. Det er trist at ho ikkje kun er en telefonsamtale vekke, at eg ikkje kan reise til ho berre fordi eg har lyst, at eg ikkje kan sende melding til ho når eg føler for å snakke med ho. Eg følte for å legge ut ett bilde fra då vi overraska ho med "hade Ina"-kveld. Fra v: Ina, Annelinn og meg.

onsdag 22. oktober 2008

Gina tricot

Gina Tricot har fått nettbutikk og eg lika den supergodt! Skulle gjerne handla der no, men eg må kjøpe ny strittetang i stede for. Må vente til neste lønning før eg bestiller kle. Må jo ha litt nye kle til eg og Stine skal på Grease! Mamma synes nok det er unødvendig, men det gjer ikkje eg. Nåke av det eg har lyst på:






måndag 20. oktober 2008

Dikt

Diktet eg leser ofte som eg fekk for lenge sida til en bursdag av Oda:

Kjære Terese!

Ein vakker dag i september
da alle sit med falda hender
dei ber om at dei ein engel skal få
Ein engel som gode vennskap vil så

Det blir ei jente så glad og sprudlande
at alle snur seg og smiler undrande
kven er det som smittar glede rundt seg?
da tenkjer mange: "Skulle ønske det var meg"

Men sjølvsagt er det ingen andre enn
snille Terese som gir alle ein klem
dersom dei er triste, såra eller nedfor
kjem ho og viser det ho er god for

Nemmelig det å vere seg sjølv
meir verdifull enn ei krune av sjølv
Difor er Terese ei som vi er så glade i
ho har gitt så mykje, og har meir å gå.

Takk, klem frå Oda!

Eg er utrulig glad i det her diktet. Tusen takk, Oda!

laurdag 18. oktober 2008

Maria Haukaas Storeng



Eg møtte ho rett før det der, og ja - Ho var ganske trøtt! Men ho er så utrulig skjønn!

Fredag

Okei, eg rydda i skoa mine i stad og fann masse sko eg ikke visste eg hadde. Eg har visst gullsko! Så har eg alt for masse svarte sko. Eg må begynne å bli flinkare og variere kas sko eg bruka. Eg har nåken sko som ser ut som brude sko og. Har lyst på nye brune sko, men tørr ikkje kjøpe med tanke på mamma.

I vår tid, så er alle opptatt av kropp, slanking osv. Vi jenter måler oss sjøl fra topp til tå! Vi sammenligna oss med andre og vi har ikkje godt av det! Min definisjon på normal kropp er Maria Haukaas Storeng! Ingen tvil om det. Ho er tynnare i virkeligheten enn ho er på tv og.

Såg på nyhetene i stad at ett norwegian fly måtte nødlande i dag. Dei skulle til Barcelona, men så hadde nåken sett at det brann og då flydde dei tilbake og landa igjen. Det er norport eg jobba for på Flesland når eg har utplassering og dei har ansvar for Norwegian på bakken på Flesland. Kan tenke med at det var masse å gjere det og i dag sjøl om det var rygge dei nødlanda på.
Følger folk her med på Ylvis møter veggen? Det er så sjukt genialt! Lurer på om dei alltid er så gode venna som det ser ut som. Dei henger jo sammen heile tida. Veit at eg ikkje hadde klart å henge med søskena mine heile tida. Dei gjekk vilt for seg når vi var små. Fjernkontrolla vart kasta etter kverandre, dører vart ødelagt, tryning og slossing.
Eg må slutte å bruke så masse penga som eg pleier å bruke. Mamma seier eg skal slutte med det for eg må venne meg til neste år når eg får sikkert ganske trang økonomi på grunn av lærlingtid. Må jo bu på hybel og, men eg skal klare meg!
Har funne ei jakke og en kjole eg vil ha!

fredag 17. oktober 2008

Dans, dans, dans opp på bordet

Dansinga med småttisane i dag var umulig! Dei minste er kjempeumulige. Dei springe rundt å bite kverandre! Så når vi satt i ringen i dag begynte dei å snakke om helt usakelige ting som skjedde heime. Ho eine sa blandt anna at ho hadde vert sjuk i tre daga en gang. Menmen, det får no berre vere. Vi må prøve å få styr på dei snart. Dei eldste er kjempe flinke! Dei er flinke å danse og.

Vi tok klassebilde i dag. VI hadde pysj på oss heile gjengen! Trur vi var veldig fine og såg veldig smarte ut. (Vi ser jo egentlig alltid smarte ut då .. (haha)) Gleder meg til å få det her klassebilde! Det i fjor såg jo kjempe bra ut .. Mmmm.

Sitte å ser the woods no. Den er egentlig sjuk! Eg såg den med systa for ei stund sida og eg synes berre den var rar og sjuk, men det er ei stund sida då, kan hende den var litt bra.

Eg har fri i morra sida eg har utplassering i Bergen kvar tredje helg. Det blir herlig. Har ikkje vert heime en heil dag på lenge. Lurte på å reise til Førde å trene på Spenst, men mamma er ikkje ferdig før seks på jobb, så tviiila om eg ikkje tar en ganske tidelig buss bort. Maria skal vere i Beat for Beat i morra. Det har eg stor tru på blir sinnsjukt bra! 5. gangen ho er der.

Eg skal ha meg gull og sølvsko, men eg får ikkje lov å kjøpe nye sko på nåken veke av mamma. Ho blir sur kvergang eg kjøper meg nye sko. Ho synes eg har for masse, men eg vil ikkje hive sko heller! Eg veit (omtrent) alle jenter skjønna meg!

onsdag 15. oktober 2008

Hege: "Det hjelpe deg at eg skrive oppgaveteksten, så gjer du oppgavene!"

Eg er tilbake til samme gamle no etter verdens beste høstferie! Står opp 06.30 kver morning, tryna halvveis ut døra for eg er så trøtt, kjem på skulen og Siv seier vi kan gå fra timen når vi er ferdig med oppgavene som vi aldri blir ferdig med på grunn av det er så forferdelig mange.

På fredag i høstferien møtte eg og Cathrine Maria og Hans Marius! Det var fantastisk. Dei er så fantastisk fine sammen. Det var beste dagen i livet mitt, ingen tvil om det. Hans Marius måtte gå etter ei lita stund siden han skulle ha forestilling. Maria tok seg good tid til oss som vi satte utrulig stor pris på! Så var vi på Singin' in the rain seinare på kvelden. Alle som ikkje har sett Singin' in the rain bør reise på det. Sinnsjukt kult å sjå!

Eg handla en del i Oslo og. Eller .. kanskje ikkje så veldig masse i forhold til ka eg hadde trudd. MEN eg har kjøpt ny data no då. Eg lika den!

fredag 10. oktober 2008

"Wah-sala-waho?"

Dagen i går begynte med at eg gjekk tur på fjellet, så når eg kom ned igjen satt eg meg på msn og det kom fra Svein Kristian "Hørte Maria skal vere i nidarosdommen i dag." Eg trudde han ikkje! Han sa det stod i avisa, så etter ei stund (i lita tru) gjekk eg ut og sjekka avisa og der stod det! Ho skulle vere i nidarosdommen! Sinnsjuk flaks at eg er i Trondheim! Eg begynte å stresse med å finne ut korleis eg skulle komme meg til byen. Pappa kom ikkje igjen fra jobb sånn at eg rakk det, så til slutt måtte Svein Kristian komme å hente meg. Hehe! SNILLE STEBROREN! Etter ei god stund med stress for å dysje, ete, sminke meg osv. kom han å henta meg. Han vart med og. Når vi parkerte gjekk Maria forbi oss forann bilen. Når vi kom inn i kirka hadde Maria lydprøva. Det var det vi kalla fantastisk å høyre på.
Blå kors er en fantastisk sak! Maria sang Hurting kind og Hold on be strong. Det var utrulig å høyre sangane med kun piano spilling og hennas herlige stemme. Mens folk kunne gå rundt å sjå på maleri/tegninge var det en del folk rundt Maria. Når folk hadde begynt å sette seg igjen gjekk eg bort. Ho spratt opp av stolen, sa hei og ga meg herlig klem! Så spurte ho om det går bra med meg. Så gjekk eg å satt meg igjen og etter alt kom eg bort igjen og då hilste ho på kjære stebror! Det var skjønt! Så snakka vi en del til, så gjekk eg.
Vi reiste opp til Svein Kristian, såg FK zebra med nåken kompisa av han, så når dei reiste såg vi film og leike-sloss.

tysdag 7. oktober 2008

Mercy

Før likte eg ikkje mercy - duffy, men no lika eg den! Eg er litt rar, eg veit. Nåken synes kanskje eg er rar for eg ikkje likte den før, nåken synes kanskje for at eg lika den no, nåken synes kanskje for at eg skifta meining. Veit ikkje koffor eg har skifta meining, egentlig. Den er fengande i alle fall!

I dag har eg gått to ganske lange tura nede ved vatnet her. Det er så utrulig fint! Skal legge inn bilde når eg finner kabelen for å legge inn bilder. Trur den ligger i baggen, men har ikkje sett enda. Kan hende eg glømte den heime. Ellers har eg berre vert slapp og det har vert helt herlig. For en gangs skyld har eg virkelig klart å slappe av! Eg sov til halvtolv i dag som var veldig nytt for meg. DEILIG!

Eg har på følelsen at det her blir en av dei beste feriane i historia. Eg drømmer så masse fint for tida. Men får vel vente å sjå til den er over. Håper magefølelsen min er riktig! Håper alle andre har en fantastisk ferie og. Og eg LER av Ina som ikkje har høstfeire i USA.(Men eg savna deg og, baby!)
Rikke og Christian er to solstråle!

måndag 6. oktober 2008

Litt nye bilder

Fann ut i stad at eg skulle lage en liten film med forskjellige nye bilder. Den vart ikkje så bra, drog den sammen skikkelig fort, men funka!

Sangane: Maria H. Storeng - breathing. Stevie Wonder & Dionne Warwick - That's What Friends Are For.

Stjerner

Eg har hatt en del useriøse og kjedelige innlegg her til no, men eg skal skjerpe meg! Eg lova. Eg har høstferie no and I LOVE IT! Det er utrulig deilig. Er i Trondheim og det skal kun vere avslapping her. Skal til Oslo på fredag, ser så utrulig fram til deet!
Rikke er i Mandal hos Stefan.

I helga var eg på Flesland å jobba. Eg lika meg veldig godt der. Utrulig koselige folk! Hahha, møtte på Yvonne. Ho såg rart på meg der eg gjekk med en særdeles GUL vest. Sara møtte eg på torsdag. For ei herlig jente ho er! Så såg eg Venke Knutson og uten at eg skal gå nærmare inn på det.

Pappa laga taco no. Ah, deilig! Katten ligger på eine handa mi, så er litt vanskelig å skrive. I stad når eg sovna på sofaen la katten seg vedsida av meg og sovna den og.
Pappa klarte å miste dataen min i bakken i stad, så det har komt ett "fukt" merke i skjermen. Veit ikkje om nåken skjønna ka eg meina.

Eg savna Ina stort. Eg lengta etter dei lange usakelige, jente samtalane vi hadde. Men det skal vi ta igjen! Ser fram til ho kjem heim eller til eg og Hilde kanskje skal ned dit! Miss you, hon'. (Bildet: Ina og Annelinn)

Miss you, baby