laurdag 24. mai 2008

FLAUT

Hahahhahaah! Fann intervjuet med Ina og meg fra NRK i 2007 i stad.
Bedrifter lunkne til støttekonsert

To 15 år gamle jenter frå Gaular har lagt ned ein stor jobb med å lage til konsert til inntekt for Redd Barna, men får lite støtte frå det lokale næringslivet.
Ina Therese Alværen og Therese Hafstad har det siste halvåret jobba iherdig med å lage i stand ein konsert der inntekta skal gå til Redd Barna.

- Vi har eit fag som heiter Praktisk prosjekt, og så hadde vi lyst å gjere noko som ingen hadde gjort før og som var meiningsfullt. Då fann vi ut at vi kunne lage til ein konsert til inntekt for Redd Barna.

Myrna Braza

Det har vore nokre travle månader for dei to unge gaulværingane. 15-åringane har kvar tysdag sidan skulen starta i haust jobba med å få stand ein konsert med bergensartisten Myrna Braza. Og inntekta - den skal gå til Redd Barna.

Barneprosjekt i Etiopia
Etter mykje søking på internett bestemte jentene seg for at pengane skulle gå til eit barneprosjekt i Etiopia.
- Der hjelper dei til med mykje viktig som barn og utdanning, barn som er råka av katastrofar, overgrep, hiv og aids.

Dårleg respons i næringslivet
Den idealistiske tankegangen til jentene slo likevel ikkje an hos dei lokale bedriftene. Jentene har spurt 15 bedrifter om støtte til prosjektet, men berre fem har svart.
- Det er litt dumt at vi ikkje får svar. Vi treng det vi kan få for å få størst mogeleg overskot.

Artistane stiller gratis

Planen er å ta 150 kroner i inngangsbillett på konserten. Desse inntektene vil utelukkande gå til Redd Barna. Både hovudartisten Myrna Braza og dei lokale artistane stiller opp heilt gratis. Før konserten vil dei likevel ha utgifter til transport av artistane, overnatting og mat. Jentene manglar framleis nokre tusenlappar for å få dekka desse utgiftene, og dei hadde begge håpa på at bedriftene i kommunen ville vise litt større engasjement om prosjektet.

- Imponert over jentene

Lærar for jentene, Helge Skagen, er svært imponert over elevane sine, men ikkje like imponert over dei lokale bedriftene.
- Det er unge menneske som har teke eit initiativ her, og eg føler at dei ikkje blir tekne seriøst. Det er viktig at dei blir backa opp når dei prøver å få til noko.
Han oppmodar bedriftene til å støtte opp før artistane går på scena i Bygstad samfunnshus 27.januar.

Ingen kommentarer: