onsdag 6. august 2008

"Du kan berre drite i å gløyme meg der nede!"

Fy faen, for en dust ungkaren er! (Eg visste ikkje før i går at han dumpa begge to) Han kunne jo i det minste fortsatt å gå ut med en av dei! Han måtte jo ikkje fri. Han kunne sjekka korleis det funka med dei i det normale liv, den idioten. Arrrg, eg blei drit irritert!

Ina var hos meg på søndag og fekk fint kort av meg. Hehhe, eg var ganske stolt over meg sjøl etter å ha laga det kortet altså. "Du kan berre drite i å gløyme meg der nede!"
Så var eg på jobb i går og fann ut av at eg har fått skille etter en av ringane mine. Haha. (Så masse har eg å gjere på på jobb)
I daaag har eg endelig blitt ferdig med å .. rydde .. rommet mitt. Etter 2 veke (trur eg) Eg liker å ta ting sakte. Eg hang opp litt nye bilder på veggen og skifta litt i rammene mine og. Så satt eg sofaren og bordet en anna plass enn kor det stod før. Maria cdane står fint oppstilt. Greit nok .. under bordet (det er ei plate under bordet eg kan legge ting på) der ser det ikkje så bra ut. Badet mitt er veldig fint og bortsatt fra at det er (alt for) masse ting på komoden der. Gidder ikkje gå ned med det på badet nede.
Eg vil lage FOTOBOK! På eurofoto.no eller nåke sånn. Eg er litt lei av å sitte å lime inn bilder. Forje gang eg laga fotobak laga eg jo på MACen til Therese, men ho er i Australia .. så blir litt vanskelig å lage der då.
Snakkes blogg!

Ingen kommentarer: